skisse-victoria

Johannes, Jensine og Jo og Dampskibet Victorias gruefulde forlis

Natta til 24. november i 1903 vakna Jensine i Ytterlia i Stangvika av at nokon gikk i gangdøra og kom inn i gangen. 
Ho opna døra og ropte: "Kjem du no, Johannes!"

Men i gangen var det ingen, Johannes kom ikkje. Denne natta var det ein forrykande storm på vestlandskysten, det knaka nok godt i husa i Ytterlia, så Jensine låg nok på otte for sonen sin, Johannes. Han var sjømann som faren Jo, og Jensine håpa at det var han som kom trygt heim. Men Johannes kom ikkje heim i live.

"Victoria" var på veg fra Kristiania til Vardø lasta med stykkgods. Dampskibet hadde eit mannskap på 19 mann, og det var 4 passasjerer med på turen. Skipet hadde lagt ut frå Kristiansand morgen 23. november, neste anløpsstad skulle være Stavanger. Været var bra da dei la ut, men utover ettermiddagen og kvelden auka vinden i styrke. Da "Victoria" var på den farlege strekninga utanfor Jæren, var vinden auka til storm, og det var regn og sludd som gjorde det vanskeleg å sjå fyrlyktene. Skipet kom ut av kurs og gjekk på eit skjær ved Kolnesholmene. Kapteinen gav ordre om å sende opp naudraketter, tenne naudbluss og sette livbåtane på vatnet. Men livbåtane vart knust straks dei nådde bølgjene. Naudrakettane og naudblusset vart sett av ei losskøyte og av fiskarar på stranda. Trass i det forrykande veret dro dei straks ut for å prøve å redde liv. 

Om bord i "Victoria" strøymde vatnet inn, og da det nådde dei glovarme dampkjelane, eksploderte dei. Dei som hadde overlevd eksplosjonen, vart enten kasta i vatnet, eller dei måtte hoppe i vatnet. Ein mann overlevde ved å klamre seg til masta, fira berga seg opp på ein holme. Desse fem vart berga ved modig innsats av Redningsmannskapet, resten, 18 mann omkom. Neste dag dreiv åtte lik i land – alle stygt forslått av all skrubbingen mot svaberg og stein. 

Ein av dei omkomne, var matros Johannes Røsli, 23 år Stangvika. Jensine har fortalt at : "Johannes kunne ha berga seg, for han var så god til å svømme, men det var nokon som hengte seg på han så dei drukna begge to".

Han som berga seg ved å klamre seg til masta, var styrmann Just Endresen frå Kristiansund. Han var 26 år gammal og hadde vore i livsfare på sjøen før også. "Under en storm i Nordsjøen hadde en diger bølge velta inn over dekk og tatt med seg Endresen. Han var sikker på ar hans siste dag var kommet da en ny bølge plutselig skyllet ham uskadd tilbake på dekk igjen."

Alle dei omkomne dreiv i land og vart identifiserte av dei som overlevde. Lika vart lagt i midtgangen i Sola kyrkje på ei pute av halm og med ein seglduk over seg. Presten heldt ei kort, men gripande gudsteneste. Så vart lika sendt til heimplassane sine. 

Kilde: Dette er utdrag av en artikkel på grunnlag av "Lokalhistorisk årbok for Rogaland"

Ætt og heim 2003 - Atle Skarstein

---------------------------------------------------

Just Endresen var 26 år. Han var født på Nordlandet i Kristiansund.  Ved folketelling i 1910 budde han i Nedregate 272 a. Han var da Dampskipsfører i MRF – for D/S"Ganger Rolf", 7 år etter det dramatiske forliset.

Noen år senere var han ansatt som disponent i Christiansund Dampbåtsamlag. Det selskapet som drev sundbåtene på havna. 

Han var den som reiste til Oslo og kjøpte D/S"Framnæs 3" i 1916, som for øvrig er utgangspunktet for dagens "Framnæs" på havna. Han førte denne lille båten rundt kysten senhøsten i 1916, men viste nok hva han kunne ha i vente – nettopp på denne kyststrekningen. Det kan tyde på at Just har hatt en som "passet på". Ikke bare det som fortelles i artikkelen, men den samme natten i 1903 forliste barken "Capella" utenfor Jylland. Just hadde seilt med den før han mønstret på "Victoria" – to måneder tilbake.

Skipet

"Victoria" var eigd av Det Nordenfjeldske Dampskibsselskap I Trondheim fra 1894. Skibet var bygget i 1881 ved Bergens Mek. Verksteder AS for August Schelderup m.fl.

  • Skipet målte 550 brt.
  • Lengde 176' 6"
  • 270 ihk. Compound Dampmaskin.

planskisse-victoria

tapre-redningsmenn



Våre bøker